Sensorteknologi innen helse:

Skal utvikle framtidas pasientrom

Publisert

Styret i Innovasjon Noreg innvilger medtech-selskapet Ably Medical AS i Ålesund eit tilskot på inntil 15 millioner kroner til å utvikle og teste sensorteknologi i sjukehusa.

- Det er eit stort behov for digitalisering av helsesektoren. Dette er eit svært innovativt prosjekt med store moglegheiter i markedet, seier Håkon Haugli, administrerande direktør i Innovasjon Noreg i ei pressemelding i dag.

Ably Medical har tidlegare utvikla ei smart sjukehusseng med innebygd sensorsystem, samt sensormatta “Lyng”. Hovudformålet med innovasjonsprosjektet “framtidas pasientrom” som no får delvis finansiering frå Innovasjon Noreg, er å implementere og validere ei teknologisk løysing for å få sensorteknologien inn i sjukehusa.

- Løysingar som dette er del av svaret på helsesektorens behov for å utvikle helsetenestene og samtidig frigjere tid for dei tilsette. Ably Medical si løysning kan på sikt rette seg mot både sjukehusa, sjukeheimane og heimetenesta, seier Håkon Haugli i Innovasjon Noreg.

Berre i Europa er det 6 millionar sjukehussenger, 3,6 millionar sjukeheimssenger og 10,7 millionar pasientar som treng langvarig pleie, dei fleste i sine eigne heimar.

- Med stigande mangel på helsepersonell i heile Norden er det eit stort behov for å effektivisere arbeidsprosessar utan at det går ut over helsefagleg kvalitet og omsorg. Digitalisering og automatisk innsamling av pasientdata har eit enormt potensial for å frigjere ressursar hos helsepersonalet. Sjukepleiarar bør få bruke si tid på å pleie og ikkje på protokollar, registre og rapportar, seier Mikkel Ingstrup, CEO i Ably Medical.

Ably Medical har ein moglegheit til å digitalisere alle sjukehussenger gjennom unik sensorteknologi og konnektivitetsløysninga “Ably hub”. Hubben skal samle alle data frå IoT-løysninger og annan sensorteknologi i ein og same plattform og samle høgkvalitetsdata frå både pasientar og prosessar. Dette har potensial for å bli ein kanal for ny teknologi, nytt utstyr og nye appar inn i sjukehusa, uavhengig av leverandør.

- I dag finnast det mange fragmenterte løysingar og det manglar godkjente løysingar som kan kombinere fleire ulike data og sensorar. Vi har ein ambisjon om å utvikle ein løysing som gjer det mogleg med gevinst frå digitalisering av noko som finnast i alle sjukehus, nemleg sjukehussenga, seier Ingstrup.

Ably Medical AS vart stifta i 2016. Selskapets formål er å tilby datadreven, føresjåande pasientomsorg som reduserer belastinga på sjukepleiarar og helsepersonell. Selskapet har i dag tilsette i Ålesund, Oslo og München.

- For Møre og Romsdal er dette eit viktig prosjekt av fleire grunnar, også som ledd i strategien for å utvikle ny næring, i dette tilfellet helseteknologi, ei næring vi ikkje har mykje av frå før i vår region, seier Helge Gjerde, regionsdirektør for Innovasjon Noreg i Møre og Romsdal.

- Vi har hatt eit samarbeid med Ably i fleire år, og då er det ekstra hyggjeleg at vi kan vere med å bidra til å realisere prosjekter som dette.

Prosjektet skal gjennomførast i tett samarbeid med tre sjukehus i Noreg og Tyskland og løysinga skal utviklast i samarbeid med sengeleverandør Malvestio i Italia. Løysinga skal byggjast for integrasjon med tredjepartsløysningar og kan difor levere svært fleksibel funksjonalitet.

Prosjektet vil både bestå av utvikling av teknisk løysning, testing på sjukehusa, klinisk studie med fokus på dokumentasjon av effektar, samt utvikling av beste praksis. Total kostnadsramme på prosjektet er 34,36 millionar kroner.

Powered by Labrador CMS